Varsling kan vere vanskeleg, men det er viktig. Og ein verdi i arbeidslivet.
- Dette var ein viktig bodskap frå Henrik Dahle då han snakka om temaet varsling på Arbeidsmiljøsenterets styremøte i mai. Dahle er advokat i Unio, og var medlem i varslingsutvalet, NOU 2018:6
Dahle la vekt på at kunnskapen om varsling og varslingsreglar må hevast, både hos arbeidsgjevarar, tillitsvalde, verneombod - hos alle på ein arbeidsplass.
Dahle viste også til behovet for eit varslingsombod, som kan fungere som eit kompetanseorgan for ulike aktørar i varslingssaker.
Varsling er også eit sentralt tema på Arbeidsmiljøkongressen i Bergen, 16.-17. oktober!