«Hold munn og lytt» - til musikar, akdemikar og forfattar Stig Roar Wigestrand på årets Arbeidsmiljøkongress.
Under overskrifta «Hjernen, hjertet eller begge deler?» avrundar Stig Roar Wigestrand årets Arbeidsmiljøkongress i Bergen (1617. oktober).
Han snakkar mellom anna om omstilling og endring - slagord som pregar så godt som alle arbeidsplassar. Men det er ikkje nok å preike om endring, det må følgjast opp i praksis. Korleis får vi det til på ein god måte?
Eitt svar er at vi lyttar til dei som har prøvd før, og som kjenner problema.
Dette og meir til er tema for boka «Hold munn og lytt», som Wigestrand nyleg har gitt ut. Her bygger han på mange års erfaring som rettleiar i innovasjons- og utviklingsprosessar. Erfaringar han vil dele med konferansedeltakarane.