Ny IA-avtale

Partane i arbeidslivet har inngått ein ny avtale om inkluderande arbeidsliv (IA-avtalen) for nye fire år.

Partane i arbeidslivet har inngått ein ny avtale om inkluderande arbeidsliv (IA-avtalen) for nye fire år.

Det har vore knytt spenning til forhandlingane om ny IA-avtale.  Enkelte har tatt til orde for å skrote avtalen, og har kritisert partane for svake resultat gjennom 17 år med IA-avtale.

Rett før jul blei partane likevel einige om ein ny og endra avtale. Reduksjon i sjukefråværet er framleis høgt prioritert. Målet er ein reduksjon med 10 prosent i avtaleperioden.

Samtidig inneber avtalen at partane forpliktar seg til ei kraftig satsing på å forbetre arbeidsmiljøet på arbeidsplassane. Det blir framheva at både leiarar, tillitsvalde ogverneombod har eit stort ansvar for dette. Organisasjonane forpliktar seg i den samanheng til ei sterkare satsing på skolering av desse gruppene, som Arbeidsmiljøsenteret har omtalt som arbeidslivets heltar.

Avtalen legg også opp til eit meir differensiert arbeid gjennom bransjeprogram eller sektorprogram. Gjennom dette skal det iverksettast tiltak i sektorar med særlege utfordringar, både i offentleg og privat sektor.

Det er også nytt at IA-avtalen og aktuelle verkemiddel no skal gjelde heile arbeidslivet, ikkje berre IA-verksemder som har inngått eigen avtale.

Les meir om avtalen på www.regjeringa.no på arbeids- og sosialdepartementet.

 

Presentasjoner fra Arbeidsmiljøkongressen 2024

31 oktober 2024

Arbeidsmiljøkongressen i Grieghallen 23. og 23. oktober 2024 dekket mange teamer med foredrag og sesjoner om alt fra kunstig intelligens (KI), varsling i arbeidsmiljøsaker, psykososialt arbeidsmiljø og psykologisk trygghet, seniorer i arbeidslivet og ledelse i den hybride arbeidshverdagen. Her finner du presentasjonene til foredragsholderne.

Har du 8 minutter?

15 oktober 2024

Verdensdagen for psykisk helse minner oss om at vi alle har et ansvar, både som venner, kollegaer og samfunnsborgere, for å bidra til et miljø hvor det er trygt å snakke om mentale utfordringer. Hvordan kan arbeidsplassen jobbe med psykisk helse?

Er rollen som hovedverneombud en ensom uriaspost?

10 januar 2024

Jon, som begynte hos Arbeidsmiljøsenteret i august, har deltatt på HVO-kurs. Han føler seg nyfrelst og ikke minst ser han at det er dialogen som er det viktigste verktøyet, og i dialogen magien skjer.

Scroll til toppen