Likestillings- og diskrimineringsombod Hanne Bjurstrøm deltar på Arbeidsmiljøkongressen.
Her vil ho delta på ein sesjon som tar for seg temaet trakassering i arbeidslivet, og vil særleg sette søkelyset på korleis begrepet trakassering skal vurderast av leiar, verneombod, tillitsvalde og tilsette.
Kvar går grensene mellom trakassering og såkalla «utilbørlig opptreden»? Og kva for roller har Bedriftshelsetenesta og vernetjeneste i slike saker. Dette er somme av innfallsvinklene til debatten.
Spørsmålet om diskriminering og trakassering har i det siste kome høgt på dagsordenen etter at ein tilsett på ein skule i Oslo miste jobben fordi vedkomande , som er muslim, nekta å handhelse på kvinner.
Dette har ført til heit debatt, der skuldingene om diskriminering går fram og tilbake. Ikkje minst etter at likestillings- og diskrimineringsombudet antyda at Oslo kommune, som arbeidsgjevar, handla i strid med likestillingslova.