Arbeidslivskriminalitet og svart arbeid er ein trussel både mot samfunnet, arbeidslivet og individet.
Styresmaktene og partane i arbeidslivet har gått saman for å bekjempe arbeidslivskriminalitet og svart arbeid. Men det er langt igjen før vi har eit arbeidsliv fritt for kriminalitet og uverdige arbeidsforhold.
Arbeidsmiljøsenteret vil kaste lys over det mørke arbeidslivet. Korleis er situasjonen? Kva er bakgrunnen for at vi har fått eit arbeidsliv på sida av det regulerte arbeidslivet?
Og ikkje minst - korleis kan vi bekjempe det mørke arbeidslivet? Kva er mitt og ditt ansvar?
På Arbeidsmiljøkongressen møter du Linda Ervik frå Vest politidistrikt som mellom anna snakkar om kva arbeidsgjevaar og arbeidstakarar kan gjere.
I tillegg kjem forfattar og journalist Einar Haakaas, som har skrive boka «Svartmaling - kriminelle bygger Norge».
Journalist Torgny Hasås vil fokusere på menneskehandel, arbeidsmiljøkriminalitet og sosial dumping.
Arbeidsmiljøkongressen blir arrangert i Bergen 16. - 17. oktober.